Rubbestadneset_bygg

Velkommen til Espira Rubbestadneset barnehage !

Espira Rubbestadneset barnehage starta opp i noverande lokaler hausten 2002 og ligg sentralt til i Sollia. Yrkesskulen og idrettshallen er våre næraste naboar.
Barnehagen har 4 avd. med til saman 98 barn og ca. 25 tilsette. Me har også ei eiga utegruppe der barna frå dei ulike avdelingane får vera med kvar sine dagar

Uteområdet vårt vart oppgradert i 2008 og me fekk då ma. fleire nye leikeapparat og eit eige leikeområde for dei minste borna.
Barnehagen har inngått ein samarbeidsavtale med Rubbehallen som inneber at me kan nytta hallen til aktivitetar med barna kvar dag.

Sjølv om ein ikkje bur på Rubbestadneset, er barnehagen ei god løysing for mange som arbeidar her. Difor har me også fleire barn frå andre deler av Bømlo.

Aktuelt

Planleggingsdag tysdag 29. mai

Minnar om at barnehagen er stengt tysdag 29. mai pga. planleggingsdag!

Til nyhetsoversikt