Her på Mummitrolla går det 30 barn. Kvar dag er det nokre som er på Utegruppa, og førskuleborna er på førskuletrening èin dag i veka, saman med dei andre førskuleborna i barnehagen.
Me som er så heldige å få vera saman med disse kjekke barna er: Lillian, Judy, Anne Åshild, Heidi og Torgny.
Me ynskjer at alle borna skal få gode venner og leikekameratar. Barna skal ha trygge og gode rammer rundt seg der dei kan oppleve meistring og samspel saman med andre.
Me vil at dagane våre skal vere prega av aktiv og god leik, der barna er med på å bestemme innhaldet.
Målet vårt er at både barn og foreldre skal kjenne seg velkomne og oppleve at barna blir tekne godt vare på.
Når det gjeld pedagogisk arbeid vil me vise til Årsplan 2011 som vart lagt i alle hyller i januar. Meir informasjon om tema i høve til fagområda, vil de også kunne lese om i info-skriva som avdelinga sender ut anna kvar månad; Periodeplanane.