Utegruppa er eit tilbud for alle 4-6 åringane i barnehagen. Her får dei treffa dei andre barna på andre avdelingar; og få knyte vennskapsband til desse. I år er det 18 barn kvar dag ute; dvs ikkje onsdagar då det ikkje er utegruppe i det heile. Me er mykje ute og ferdast i nærmiljøet; enten me er på tur eller me er oppe ved lavvoen vår. På utegruppa ønsker me at borna skal oppleva GLEDE og MEISTRING ved å ferdast i naturen, få RESPEKT for naturen og at dei skal få nye og gode OPPLEVINGAR gjennom at me oppdagar ting i naturen.