Praktisk informasjon til deg som er ny i barnehagen.
Innkøyring:
Barn og foreldre kjem til barnehagen med ulike bakgrunnar og forventningar. Barna er ulike, nokre glir lett inn i miljøet, andre treng meir tid for å bli kjent og trygg.
Me ynskjer at far eller mor er med barnet sitt i barnehagen heile den fyrste dagen. Dei neste dagane kan du også vera her i periodar av dagen, og kanskje gå litt, etter avtale med personalet.
Dei som har god tid og ynskjer å vera med barnet sitt fleire dagar, er sjølvsagt velkomne til det.! Så lenge det ikkje forstyrrar innkøyringsprosessen.
For nokre barn er det fint med kortare dagar i innkøyringa. Det er du som kjenner barnet ditt best. Me vil samarbeide med dykk slik at barnet finn seg til rette og vert trygg i barnehagen.
Hugs å seie frå til barnet når du går. Sjølv om det protesterer, er dette ein sunn reaksjon. Listar du deg vekk medan barnet er i fin leik, vil det kjenne seg lurt når det oppdagar at du er gått.
Anna nyttig informasjon:
Bringing / Henting:
Om barnet ikkje kjem i barnehagen: Ring før kl. 9.00 (Jfr. Vedtektene).
Gå ikkje frå barnet ditt i barnehagen før du har vore i kontakt med personalet, sei også frå når du hentar
barnet om ettermiddagen.
Gi alltid beskjed dersom det er andre enn dei som vanlegvis hentar barnet som skal henta.
Kleda:
Kleda til barnet skal vera merka! Dette er til dykkar fordel, og det er vanskeleg for personalet å halde
orden i garderobane dersom kleda ikkje er merka. Lappar for bestilling av merkebånd får du i barnehagen.
Barnet bør ha eit sett med bytteklede som ligg i barnehagen, og dei skal vera kledd slik at dei kan gå ut
uansett værtilhøve (regnkær, støvlar).
Informasjon:
Det er ein god vane å sjå på oppslagstavla i garderoben på kvar avdeling.
I tillegg vert det sendt heim periodeplanar og andre infoskriv.
Periodeplanane vert lagt ut på barnehagen si heimeside under den avdelinga barnet går på. Den vert også sendt barnet sin familie via e-post. Dei som ynskjer det kan få den i papirutgåve.
Måltider:
Barna får frukost, lunsj og fruktmåltid i barnehagen (til fruktmåltidet kan dei også få skive).
Dei yngste får varm mat nokre dagar i veka.
Foreldra betaler kostpenger i tillegg til ordinær betaling for opphald.(Våren 2012 er dette kr. 250,- pr. mnd.).
Bleier:
Barnehagen kjøper bleier til barna.
Betaling for opphald:
Giro for foreldrebetaling vert lagt i barnet si garderobehylle i midten av kvar månad.
Betalingsfrist er den 1. i månaden (betaler på forskot).
Ein kan velje å nytta avtalegiro.Ta kontakt med styrar om fakturaen ikkje stemmer.
Telefon nr. og E-post adersse:
Det er viktig at me i barnehagen til ei kvar tid kan kontakte foreldra. Me ber difor om at det melder frå til barnehagen dersom de endrar telefon nr. eller e-post adresse.
Vikarer:
I tillegg til det faste personalet har barnehagen knytta til seg nokre ringevikarer som kan nytta ved sjukefråvær.
Våren 2012 står desse personane på vikarlista vår:
Lisbeth Gjøsæter
Tatjana Lurina
Shima Afsali
Heidi Borlaug
MonicaPaulsen