Barnehagens egenart

Miljøfyrtårnarbeid

Miljøfyrtårn

Espira Rubbestadneset vart sertifisert som Miljøfyrtårn hausten 2010 !
Miljøarbeid inngår som ein naturleg del av arbeidet i barnehagen vår.

Me har sett oss nokre mål i høve til arbeidet med miljøfyrtårn:

  • Barna skal ta aktivt del i boss-sortering i barnehagen.
  • Me skal redusere avfallsmengda.
  • Me skal skape gode haldningar i høve til å redusere energiforbruket.
  • 0-2 år: Barna skal få kjennskap til ordet boss, og kva dette er.
  • 2-4 år: Barna skal få kjennskap til kva me kastar, og kva det kan verte til.
  • 4-6 år: Barna skal fordjupe seg innafor eit av tema papir, glas eller bio.

Tiltak:

  • Me skal nytta resirkulerbart materiale i formingsaktivitetar.
  • Samlingar / tilrettelagte aktivitetar rundt tema boss.
  • Gode rutinar i høve til å sløkkje lys i rom me ikkje brukar, og innarbeide bevisste
  • Barna skal delta i ”Redd regnskogen prosjekt”, (Bretting av kartongar).
  • Barna skal besøkje ein ”miljøstasjon”.
  • I barnehagen prøver også å vere bevisst når me gjer innkjøp. Der det er mogleg nyttar me leverandørar som er miljøsertifiserte.
  • Me oppfordrar alle til å ta del i arbeidet med å gi barna gode haldningar i høve til å ta vare på miljøet vårt!