Boktras

Lesing er viktig for barna si språkutvikling.

Kva er Boktras?

  • Eit tett samarbeid mellom folkebiblioteket og barnehagen.
  • Målet er å opprette bibliotekfilialar i barnehagen.
  • Foreldre kan låna med seg bøker heim frå barnehagen.

Korleis skal vi gjere dette?

  • Biblioteket kjem med bøker, og desse vert bytta ut om lag 3-4 gongar pr. år.
  • Barnehagen skal ha om lag 100-150 bøker til disposisjon.
  • Barnehagen sine eigne bøker vil og vera til utlån.
  • Foreldra kan lett låna med seg bøker frå barnehagen ved å notera namn og tittel på boka på ei liste.
  • Barnehagen set opp bokhyller i garderobane.

Kva er målet med Boktras?

  • Styrke barnehagen sitt arbeid med språkstimulering gjennom leseaktivitetar.
  • Skape eit meir bevisst forhold til lesing blant dei vaksne; foreldre og tilsette i barnehagen.
  • Etablera lesevanar hjå barn og foreldre i barnehagen og i heimen.

 

Personvern